top of page

Vinterferie i Os Sauna

  • 20. feb.
  • 3 min lesing

5 917 besøk i 2025

Me avslutta fjoråret med 5 917 besøk, ein auke på 12 prosent frå 2024. Det som gleder oss mest er at det var heile 676 førstegongsbesøkande. At så mange nye finn vegen til saunaen viser at dette har blitt ein del av kvardagen for stadig fleire i Os og Bjørnafjorden.

 

Stormsikra og klar

Mange hugsar stormen «Amy» i fjor haust, som slet i forankringa og tvinga oss til å stengje. Plasseringa vår ytst i Os hamn er eksepsjonelt krevjande. Me ligg eksponert for vind, straum og sjø på ein måte som stiller store krav til alt av forankring og utstyr. Kort tid etter stormen fekk me gjennomført ei stor og grundig overhaling av heile forankringsarrangementet, og saunaen er no tryggare festa enn nokon gong. Det betyr at du kan nyte saunaen utan å tenkje på anna enn varmen og utsikta.

 

Me kan òg røpe at det i løpet av mars kjem ein ny temperatursensor som vil vise sanntidstemperaturen i saunaen rett på heimesida vår. Då kan du sjekke saunaen er varm før du eventuelt bestiller.

Vinterferietilbod: 20 prosent på 10-klipp

Vinterferien er ei fin høve til å sikre seg eit klippekort, anten du er ny eller vil fylle opp. Fram til søndag 22.februar får du 20 prosent rabatt på 10-klippskortet.

 

Bruk koden VINTERFERIE26 ved bestilling på heimesida.

Ordinær pris er 950 kroner. Med rabatten betaler du 760 kroner for ti besøk. Det er ein god start på ein ny rutine, eller ein enkel måte å ha besøk «på konto» for resten av vinteren.


Forsking: badstue og blodtrykk

Visste du at blodtrykket ofte er høgare om vinteren? Kulde gjer at blodårene trekkjer seg saman, og for mange stig trykket i dei kaldaste månadene. Ein fersk finsk studie har undersøkt nettopp samanhengen mellom badstuebruk og blodtrykk, med oppsiktsvekkjande funn.

Forskarar ved University of Eastern Finland følgde 2 575 menn i alderen 42 til 61 år over nesten 28 år. Dei målte blodtrykk og kartla kor ofte deltakarane brukte badstue. Resultata, publisert i Scandinavian Cardiovascular Journal i 2024, tyder på at hyppig badstuebruk kan motverke noko av dei skadelege effektane forhøga blodtrykk har på dødelegheitsrisiko. 

Konkret fann forskarane at menn med høgt blodtrykk som sjeldan brukte badstue hadde 81 prosent høgare risiko for å døy av hjarte- og karsjukdom enn menn med normalt blodtrykk som brukte badstue ofte. Men her kjem det interessante: blant dei med høgt blodtrykk som brukte badstue tre til sju gonger i veka, var denne risikoen monaleg lågare. Regelmessig badstuebruk ser altså ut til å dempe noko av den auka risikoen som følgjer med høgt blodtrykk. 

Studien er ein observasjonsstudie, så han beviser ikkje at badstue i seg sjølv senkar risikoen. Det kan finnast andre faktorar som spelar inn. Utvalet bestod berre av menn, så me veit ikkje om funna gjeld like sterkt for kvinner. Men retninga er tydeleg, og ho støttar det mange kjenner på kroppen: ein jamleg tur i badstua kjennest bra for sirkulasjon og velvære, særleg når det er kaldt ute. 

Kjelde: Kunutsor, Jae, Kurl og Laukkanen, Scandinavian Cardiovascular Journal, 2024. Studien byggjer på data frå den finske Kuopio Ischaemic Heart Disease Risk Factor Study.

Kvar tur tel

Kvart einaste besøk hos Os Sauna bidrar til kjerneaktiviteten Os Turnforening driv for barn og unge. I fjor gjekk inntekter frå saunaen blant anna til det nye klubbhuset og garderobeanlegget på Kuventræ. Inntektene går òg til Os Turnforening sitt inkluderingsfond, som bidreg til at ingen skal stå utanfor idretten på grunn av økonomiske barrierar. Når du bookar ein økt, støttar du samtidig det lokale fellesskapet.

God vinterferie frå oss i Os Sauna.

Følg oss på Instagram og Facebook


 
 
 

Kommentarer


bottom of page